Mappeoppgåve 2

Spørsmålsformuleringa til mappeoppgåve nr. 2 er:

Med utgangspunkt i dei handverka som er nemnde i Magnus Lagabøtes bylov, drøft kva marknad som fanst for dei ulike produkta.

Kjelda Magnus Lagabøtes bylov er trykt i kompendiet, men Nasjonalbiblioteket har lagt ut ein digital versjon. Den er tilgjengeleg her:
Magnus Lagabøtes bylov Denne versjonen er også søkbar.

Hjelpelitteratur? I den digitale «Bokhylla» på Nasjonalbiblioteket finn de også boka Det norske håndverks historie, bind 2 «Middelalderen» av Sigurd Grieg. I delkapitlet «Håndverkets sosial stilling i Norge» er ein kort gjennomgang av vedtektene i bylova. Boka er tilgjengeleg digitalt på Nasjonalbiblioteket. Les meir

Ein skjematisk rekonstruksjon av Bergen kring 1280 er trykt i pensumartikkelen, Tidlig byutvikling i Vestnorgeav Knut Helle. Rekonstruksjonen er figur nr. 10 i artikkelen og figuren er også tilgjengeleg her:Figur 10. Bergen, rekonstruert ca. 1280. Rekontruksjonen er også trykt i Knut Helle, Kongesete og kjøpstad, Bergen bys historie, bind 1, s. 185.

Skjematisk plan   over bebyggelse og gateløp i Bergen omkring 1280 Henta frå Knut Helle, Tidlig byutvikling i Vestnorge, Fig. 10. (Onsdagskvelder i Bryggen, bind 7) http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html

Skjematisk plan over bebyggelse og gateløp i Bergen omkring 1280
Henta frå Knut Helle, Tidlig byutvikling i Vestnorge, Fig. 10. (Onsdagskvelder i Bryggen, bind 7)
http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html

I Bergen Bys historie, bind 1, er det også trykt ein rekonstruksjon av Øvregaten (Øvrestrete) på s. 429.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *