Dag 3 (Onsdag 17/9): Tema for dagen var byens forsvar. Middelalders ringmur, fyrstens(statthaldarens) slott/festning, 1600-talets nye festningsverk (bastionar og vollgrav) og til slutt rivinga av festningsverka på 1800-talet for å gi rom til ein ekspanderande by. Frå kl. 15:00 var vi invitert til det nye nasjonalbiblioteket med forelesing ved Gustavs Strenga og omvisning i utstillinga «1514-2014». Etter oss kom kronprisesse Victoria av Sverige – og hadde same program. På kvelden fekk studentane innføring i Latviske folkedans og nattliv ved historiestudentar frå Lativas Universitet.
Før lunsj såg vi på byens forsvarsverker frå mellomaldermuren til bastionane. Etter lunsj var parkanlegg, boulevardar og den russisk-ortedokse kyrkja på programmet. Fridomsstatuen gjorde inntrykk, men det gjorde også soldatane.
Nokre meiner det nye Nasjonalbiblioteket i Riga er eit flott bygg.
Andre meiner at bygget liknar på the «Death Star». Såg eg ein lyssabel? Kjem Darth Vader snart? May the force be With you
PÅ kvelden tok Latviske historiestudentar ansvar for programmet og i seine nattetimar blei det dansa Latvisk folkedans